Hovedsoveromet
Ruskevær og innandørs aktivitet
Eit skikkelig ruskevær med regn og storm som ulte rundt husnova, førte til at vi denne helga valgte arbeid innandørs for det meste. Det er meir enn nok som kan gjerast inne, så været er inga hindring for å utføre arbeid til gards. Medan mannen har fått saga litt ute (i stiv kuling) og fått laga sagebukk (inne på løda) pluss diverse anna rydding på løda, har gardsfrua fått rydda på loftet slik at vi no snart kan få begynne med renoveringa der. Også denne helga har vi funne gjenstandar fra ei svunnen tid, nokre er meir enn andre prega av tidens tann. Mykje av gjenstandane skal bevarast og vidare få være til vakker dekor i huset.
Meir utstyr og god hjelp.
Det har vore ei svært så effektiv helg med mykje godt arbeid utført. Vi har no også fått låne trømmerhengar med kraftig vinsj og med ekstra hjelp fra frivillige gode kameratar har det verkelig gått unda. Med rette utstyret har vi no begynt å frakte det vi har felt i strandsona opp til vedahuset for vidare sortering og behandling der. Vi har planar om skigard rundt huset og hagen så mykje av tre og stokker fra strandsona kjem nok til nytte.
hestekrefter til gards
Det er no to veker sidan sist vi har fått brukt kvalitetstid på garden vår, men i mellomtida har vi ordna oss slik at vi endelig kan låne oss litt maskinelle hestekrefter til gards. Etter mykje skoging i sjøkanten er det ei uendelegheit av tred, stokkar og greiner som skal fraktast opp til løda og vedahuset for bearbeiding og det vil nok hjelpe ein heil del å ha maskinelle hestekrefter. ATV-en som vi har lånt er ein Can Am Outlander 570 Pro+ ANBEFALES!!!