Her vil vi fortelle det vi finn om historia til Olsvik gard.
Vi vil skrive om drifta og driftsgrunnlaget til garden og litt om personane som har hatt tilknytning til garden. Informasjonen vil verte oppdatert etterkvart som den dukkar opp med både tekst og bilder.
18 august i 1973 vart Olsvik gard overdratt til min oldefar Georg Håheim frå sin eldre bror Elbert Håheim og svigerinne Elen Håheim. Sjølv om min oldefar da vart eigar av Olsvik gard, så fortsatte Elbert og Elen å bu på garden. I skjøtet datert 18/8/1973 forbeholder Elbert og Elen seg borett i våningshuset inntil sin død.
Den 7 august i 1977 vart garden vidare overdratt til mi mormors søster Grete-Sølvi Dale som eg alltid har kalla "tante" Grete. Olsvik gard på idylliske Håheim, har vore i tante Grete si eige fram til no når vi har vorte så heldige å få muligheita til å ta over og halde Olsvik gard i hevd. Det var ei lykkestund å innsjå at vi kunne behalde garden i familia, sjølv om vi veit at det ventar oss mykje arbeid og sikkert monge utfordringar. Vårt mål for Olsvik er å halde garden i stand og legge til rette for rekreasjon, fritids- og friluftsaktivitetar for oss sjølve og alle andre som vil bruke tida si her. Kanskje ein dag er vi fastbuande og ikkje berre fritidsbuande på garden. Vi har ikkje buplikt, men driveplikt, så vi har søkt og fått konsesjon for å kunne overta garden slik den er i dag.
Olsvik gard er ikkje eit freda kulturminne, men huset er registrert i SEFRAK-registeret. https://www.riksantikvaren.no/Veiledning/SEFRAK-registeret
Olsvik gard består av 8 teigar. Ein god del areal er på holmar og øyer i nærleiken samt skog og fjell i Knipedalen mot aust. Før 1993 var utmarka for gnr 19 felles mellom 5 eigarparter (b.nr), men den 28 august i 1990 vart det sett krav for jordskifte av felles utmark . Sjølv om fleirtalet av dei 5 partane ikkje ønskte deling da dei ikkje hadde planar for bruk av utmarka, så vurdere jordskifteretten det slik at også desse eigendomane på lengre sikt vil ha fordel av at fellesskapet vart oppløyst. Grensene for teigane i utmark vart sett 16 november 1993 i jordskifteretten.