Saging og meir rydding av skog og kratt
Riktig utstyr får jobben gjort
No som vi har gått til innkjøp av nytt og bedre utstyr, går det noko raskare med rydding av skog og kratt. Kven treng vel treningsstudio når ein har naturens eige vektstenger til rådigheit. God kondisjonstrening er det og om ein skal prøve å holde følge med å rydde unna etter kvart som mannen fell treda. Noko innslag av balansetrening har det også vore nede i strandsona, blant steina og gamle tre som enten har falt i ein storm eller har leie igjen fra tidlegare felling har vi begge måtta tatt nokren støttesteg inn imellom. Med det rette utstyret så opner terrenget seg raskare og vi ser på med glede kor fint det blir etterkvart som vi får rydda rundt eigendomen vår.
Rydding av tre og kratt i fjøra
Vi har no fått begynt på arbeidet med fjerning av tre og kratt i i strandsona. Etter to lange dager med saging og bæring kjennes det verkeleg godt i kroppen, men det er kjekt å sjå korleis området ved fjøra opnar seg meir og meir. Vi ser fram til den dagen då skog og krattet er erstatta med eit område for båtliv og andre aktiviteter i sjøkanten. Framleis venter det oss mange arbeidstimar, men eg vil kalle det lystbetonte arbeidstimar.