Ut på tur!

Ut på tur! Området rundt Håheim og Olsvik gard er mykje brukt av folk på tur. Ein av mange fine turar er stien rundt Aursnes-vatnet som og er merka som StikkUt-post. Dette er ein tursti mykje brukt av folk på tur. I enden av vatnet når ein følger stien forbi Osen, kan den som ønsker velge om ein vil sette tåa i ferskvatn eller i sjøvatn. Her kan ein også kome lett til med båt på sommaren, slik at ein kan velge mellom å bade i sjø eller i vatn. 

Andre fine turer er å gå  på turstier som går opp i fjellet, her kan du blant anna velge om du vil gå heilt opp til Haddalhornet som ligg 611 moh. Her kan du få ei fin turoppleving med litt variert terreng og ein nydelig utsikt store deler av turen.